Saturday, November 18, 2006

O salige stund.....

To lyse jenter, ei rod og ei blond, syklar rundt paa sine lilla og blaa syklar. Den eine stoppar og leitar fram eit kvitt papir. Ho andre ser seg rundt, undrande. Desse to jentene er meg og Marte paa veg til Fundacão Mirim der vi skal hjelpe til med engelskundervisning. Klokka er 08.25 og vi skal vere paa skulen til 08.30. Det er forste dag paa skulen, og det hadde vore greitt aa komme tidsnok...Men kvar er skulen? Hmm...Vi kikkar febrilsk paa kartet som vi har faatt av Lucelia, mi kjaere vertsmor. Men noko er gale! Vi finner ut at det beste vi kan gjere er aa sporre nokon om vegen. Vi stotrar oss fram paa portugisisk; Marte i farta! Vi faar ei forklaring som gjer at vi forhaapentlegvis naermar oss skulen. Mange personar maa sporjast, og for kvar person undrar me om dette kan vera riktig. I Brasil svarar dei alltid, uavhengig av om dei veit vegen eller ikkje, for dei vil saa gjerne hjelpe! Klokka vert 08.45 og skulen har endaa ikkje kome til syne. Skal vi ringe Lucelia? Hmm..vi veit ikkje kvar vi er, saa det hjelp nok ikkje saa mykje...Vi syklar videre. Og endeleg ser vi skulen!=) Svette og forkava kjem vi inn paa skulen, klokka har no vorten 09.00...Heldigvis er ikkje tid saa veldig viktig her i Brasil, saa det gaar greitt. Vi entrar klasserommet der timen allereie har starta. Litt flaue setter vi oss ned. I dag er vi med for aa observere. timen gaar greitt, og paa vegen heimatt faar vi hjelp av ei dame som jobbar paa skulen. Ho var paa veg heim, og saag at vi stod og kikka paa eit ark (jepp, vi provde oss paa kartet igjen...), ho stoppar bilen og kjem bort til oss. "Você vai na casa de Lucelia?" spor ho oss. "Sim(ja)" svarar vi. "Okei, folg meg!" Ho sett seg inn i bilen igjen, og vi syklar etter. Ei lita stund etter ser vi kirka. "Muito obrigada!!" Dama reiser og fornogde gaar vi inn.

Litt seinere paa dagen:
"Ei lyshaara, blond jente gaar rundt i gata og et is. Tuslar rundt,snakkar med ein gamal mann, gaar litt videre, kikkar seg rundt, slurpar i seg resten av isen og snur."
Litt tidlegare: Som den ekte nordmann eg er, tenkte eg at eg maatte no nyt(t)e finvêret og sola som er. Tok med meg boka mi og satte meg ut i sola og las. Etter ei stund fann eg ut at no var det paa tide med is! Eg gjekk daa litt borti gata til ein butikk, og kjopte meg is. I "isrusen", gleden av aa ha faatt tak i is, so gjekk eg feil veg ut av butikken. Eg gjekk langt bortover nokre gater. Var det saa langt heimatt?? Hmm..Desse gatene kan ikkje eg hugsa aa ha sett for..ops! Feil veg! Jaja, daa faer eg berre ta aa snu daa..Pulsen var ganske roleg, sjolv om eg verken visste kvar eg var eller kva det heiter der eg skulle. Men eg hugsa vegen tilbake til butikken, straka vegen, saa eg fann ut at aa gaa tilbake dit var det beste eg kunne gjere. Og butikken fann eg, og daa var saken biff. Hadde berre teke til venstre i staden for rett fram ut av butikken...Typisk!

Men det eg tenkte, der eg gjekk i solsteiken, i ukjent terreng, ein smelta is og i "klikk-klakk-sandala" som gjorde at eg fekk gnagsaar og store blemmer mellom taerne, var at livet er godt!:) At eg har det veldig godt her borte i Brasil!=) Og eg fekk ein visshet om at eg ikkje er aaleine, at Gud er med! Det var ein utruleg god folelse!:)
"Sjaa eg er med deg alle dagar saa lenge verda staar!"
Saa utruleg heldige og priviligerte vi er!!:)

Eller saa kan eg meddele at her er varmt. Veldig varmt!! Og varmere skal det verte...Gradestokken kryp opp mot 38 grader paa dagen, spaadommen gaar i at det vil verte opp mot 46 grader! Daa er det godt med ein kald dusj!=)

Ja, det var alt for denne gong. Bilde kjem kanskje seinere, men dei har ikkje usb-port paa maskin, saa vi faar sjaa kva det blir til...

Min kjaere team-mate Marte, som forovrig har bursdag paa tirsdag(!), sender si varme helsing til alle saman!:)

Ate mais!
-Hagi-

Friday, November 10, 2006

Aracatuba!!=)

Ja, daa va oss endeli komt fram t Aracatuba=) Reisa gjekk fint, 10 tima i buss gaar som berre d naar an ligge og sove!;) Her i varme og koslige Aracatuba bor ej med Wolker, Lucelia og katten deira Gatina. Wolker e prest i menigheta som oss e tilknytta. Marte bor me ei eldre dame litt lenger borti gata her. Ordalina(eller naakke saant) heite ho, og ho e misjonaer i kirkaa her. Virka som en veldig kosli plass=) Ej he stor tru paa at oss skal faa d bra her!:) Forelopig stotra ej mej fram paa den lille portugisisken ej kan. Her e nemli veldig faa som kan engelsk, og dei som kan litt he ofte en so frykteli daarli uttalelse at ej nesten skjonna bedre portugisisken deira enn engelsken! Og d sei ikkje reint lite!hehe..Men d e veldi hyggelige folk!=) Og so e d greitt aa ha saanne folk som Eli og Vidar Bakke til aa avklare og forklare praktiske ting for oss!=) Dei e misjonaera for NMS i en by ca. 2t
fraa Aracatuba, og dei va paa besok her me oss i dag. Veldi kjekke folk!:) Dei he bodd her fem aar, og kjenne folka og spraaket godt:) Trygt og godt aa ha saanne folk i naerheten!=)

Tru d va alt for dinna gong. Faer satse paa at d kjem bilde og meir oppdatering etterkvart!:)
Helse daakke alle me 4.mosebok v24-26!
-Hagi-

For den som maatte lure so va d kapittel 6 og ikkje 5 ej meinte!hehe..