Saturday, November 18, 2006

O salige stund.....

To lyse jenter, ei rod og ei blond, syklar rundt paa sine lilla og blaa syklar. Den eine stoppar og leitar fram eit kvitt papir. Ho andre ser seg rundt, undrande. Desse to jentene er meg og Marte paa veg til Fundacão Mirim der vi skal hjelpe til med engelskundervisning. Klokka er 08.25 og vi skal vere paa skulen til 08.30. Det er forste dag paa skulen, og det hadde vore greitt aa komme tidsnok...Men kvar er skulen? Hmm...Vi kikkar febrilsk paa kartet som vi har faatt av Lucelia, mi kjaere vertsmor. Men noko er gale! Vi finner ut at det beste vi kan gjere er aa sporre nokon om vegen. Vi stotrar oss fram paa portugisisk; Marte i farta! Vi faar ei forklaring som gjer at vi forhaapentlegvis naermar oss skulen. Mange personar maa sporjast, og for kvar person undrar me om dette kan vera riktig. I Brasil svarar dei alltid, uavhengig av om dei veit vegen eller ikkje, for dei vil saa gjerne hjelpe! Klokka vert 08.45 og skulen har endaa ikkje kome til syne. Skal vi ringe Lucelia? Hmm..vi veit ikkje kvar vi er, saa det hjelp nok ikkje saa mykje...Vi syklar videre. Og endeleg ser vi skulen!=) Svette og forkava kjem vi inn paa skulen, klokka har no vorten 09.00...Heldigvis er ikkje tid saa veldig viktig her i Brasil, saa det gaar greitt. Vi entrar klasserommet der timen allereie har starta. Litt flaue setter vi oss ned. I dag er vi med for aa observere. timen gaar greitt, og paa vegen heimatt faar vi hjelp av ei dame som jobbar paa skulen. Ho var paa veg heim, og saag at vi stod og kikka paa eit ark (jepp, vi provde oss paa kartet igjen...), ho stoppar bilen og kjem bort til oss. "Você vai na casa de Lucelia?" spor ho oss. "Sim(ja)" svarar vi. "Okei, folg meg!" Ho sett seg inn i bilen igjen, og vi syklar etter. Ei lita stund etter ser vi kirka. "Muito obrigada!!" Dama reiser og fornogde gaar vi inn.

Litt seinere paa dagen:
"Ei lyshaara, blond jente gaar rundt i gata og et is. Tuslar rundt,snakkar med ein gamal mann, gaar litt videre, kikkar seg rundt, slurpar i seg resten av isen og snur."
Litt tidlegare: Som den ekte nordmann eg er, tenkte eg at eg maatte no nyt(t)e finvêret og sola som er. Tok med meg boka mi og satte meg ut i sola og las. Etter ei stund fann eg ut at no var det paa tide med is! Eg gjekk daa litt borti gata til ein butikk, og kjopte meg is. I "isrusen", gleden av aa ha faatt tak i is, so gjekk eg feil veg ut av butikken. Eg gjekk langt bortover nokre gater. Var det saa langt heimatt?? Hmm..Desse gatene kan ikkje eg hugsa aa ha sett for..ops! Feil veg! Jaja, daa faer eg berre ta aa snu daa..Pulsen var ganske roleg, sjolv om eg verken visste kvar eg var eller kva det heiter der eg skulle. Men eg hugsa vegen tilbake til butikken, straka vegen, saa eg fann ut at aa gaa tilbake dit var det beste eg kunne gjere. Og butikken fann eg, og daa var saken biff. Hadde berre teke til venstre i staden for rett fram ut av butikken...Typisk!

Men det eg tenkte, der eg gjekk i solsteiken, i ukjent terreng, ein smelta is og i "klikk-klakk-sandala" som gjorde at eg fekk gnagsaar og store blemmer mellom taerne, var at livet er godt!:) At eg har det veldig godt her borte i Brasil!=) Og eg fekk ein visshet om at eg ikkje er aaleine, at Gud er med! Det var ein utruleg god folelse!:)
"Sjaa eg er med deg alle dagar saa lenge verda staar!"
Saa utruleg heldige og priviligerte vi er!!:)

Eller saa kan eg meddele at her er varmt. Veldig varmt!! Og varmere skal det verte...Gradestokken kryp opp mot 38 grader paa dagen, spaadommen gaar i at det vil verte opp mot 46 grader! Daa er det godt med ein kald dusj!=)

Ja, det var alt for denne gong. Bilde kjem kanskje seinere, men dei har ikkje usb-port paa maskin, saa vi faar sjaa kva det blir til...

Min kjaere team-mate Marte, som forovrig har bursdag paa tirsdag(!), sender si varme helsing til alle saman!:)

Ate mais!
-Hagi-

13 Comments:

At 4:52 PM, Blogger Ingrid said...

hehe! høyrast ut som dokke he d festli!;) men va du retningsvill? d e no min jobb!
hehe!men veldi bra å høyre at du he d bra!!

kjempegla i dej søs!<3

 
At 5:14 AM, Blogger Kay Amund said...

Ej so trudde du hadde so god retningsans!
Uflaks? :P


Kjekt aa lese at du kosa dej ialle fall:)
God bless!

 
At 5:24 AM, Blogger Per Oddvin Stornes said...

Hmh...ekje du alltid smilebde da? Uansett lissom? Eller skal ej spoere nae Marte om det for aa faa et skikkeli svar? Hils Aalesundstausa masse!!

 
At 1:28 PM, Blogger Asbjørn said...

Så kjekt du skrive Ragnhild! Dåkke he de no artig! Slik som far din skriv, e de med meg og. Stol på at Herren er med. Hels Marte:-)

 
At 5:32 AM, Anonymous Anonymous said...

Hi my friend, I´m really enjoing Norway... It´s not raining today, it´s a miracle.
Sendo my greetings to Volker and Lucélia, and Renato and Giane also, probably you will meet them. Renato worked for a long time in my home church (not in Curitiba), he is a very good friend of my.
Kisses to you and Marte, God bless you very much!!! I miss you too!!

 
At 5:51 AM, Anonymous Anonymous said...

Hei Ragnhild, ja du kjenne ikke meg, men jeg er ei av tantene til Marte.o) Måtte bare innpå bloggen din og se hva du skriver, og sitter her med et smil, kan så levende se for meg dere to på vei til skolen.Nyt liver over there, og gi Marte en bursdagsklem fra ho tante Bente. Kos dere videre:o)

 
At 10:53 AM, Anonymous Anonymous said...

Huff. d der haures ikkje stabilt ut i d heile tatt. Du må nok ha dej et kompass til d karte. slik at du held d rett vei;) du veit aldri kar du hamna dersom du held karte oppned. jeje... men du fær vel kontroll etterkvart... no skal ej skaffe mej kontroll på d ej treng å ha kontroll på; nemlig ex.phil. d e meir ustabilt enn alle kart du kjem over. til å me sjøkart. hehe. neida. meeen. tilbake til den hypotetisk-deduktive metode og litt sånt anna tjafs. kos dej og nyt varmen. ej frys (ikkje akkurat no da. no he ej varme og teppe, men sån utafor døra liksom)
*hejdå*

 
At 12:47 PM, Anonymous Anonymous said...

Hei sann!
Flott at du og Marte kan vere med her i kyrkja den laurdagen.... svare egentli på ei melding, no ej. E enig med na Ann Kristin om at d ikkje virka so stabilt,... men ej stola på at du finn veien til slutt, sjøl om du måtte trenge månge isa for å kome dej heimatt:)Dåkke e heldi som får vere der dåkke e,- bruk tida og nyt det og kos dåkke. Hels grattis med overstått til na Marte,- fekk ikkje sendt helsing i går.
Kjempeklem frå mamsen.

 
At 1:49 PM, Blogger Elisabeth said...

Hm... raggen går seg vill. den har aldri hørt før! heheh, takk for at stakk innom bloggen min da! d va kjempekoslig å høre fra d. Høres ut som alt går bra me d der borte å, litt spenning i hverdagen må en jo ha. her e går all spenninga ut på eksamensstress og håndballa i haude. ja, d e ikke alle på laget som e like presise i skudda sine. men litt må man jo tåle ;) om d blir tur? ja e håde inderlig d! e skal uansett på tur, så e håpe andre ka henge seg på! vet at d ikke e like lett for alle å skaffe midlane til d, vet jo egentlig ikke om e har d sjøl ennå, men e satser på at det går bra!
kos d videre, spis masse is så du ikke smelta vekk! kjempeglad i d, rææg ;)

 
At 4:09 PM, Blogger bjarnebs said...

heisann Ragnhild, Ingrid, Kristin og BJARNE! /trur eg såg ei mamma også oppe i her... Skal sei at heile familien driv på her:)

Men ja, ser ut som du trives lag der borte i varmen? Her i Bergen er det kort sagt kald og regn med ein liten vakker haug med eksamena... men utover det så ikkje nokke stress...

Men.. hmm.. tid for å gå til køys.. Har vel kanskje snart eksamen no... ups.

 
At 2:40 AM, Blogger Rafaela Fernanda Schroeder Speckhann said...

Oi, minha amiga!
Tudo bom?
Eu estou muito feliz aqui na Noruega. Bergen é muito bonita, mas chove muito... Mas tudo bem!
Uma pessoas me falou que vocês (você e a Marte) já falam português! Muuuuuiiito legal!

Eg kan snakke ikke norsk, fordi alle snakke bare engelsk med oss... Men hvordan arbeider eg på barnehagen, eg prøve å snakke med barner... og det går bra!! Selvsagt eg snakker ikke rikte, men det går bra... hehehehe
Kan du fortalte Marte at eg savne hennes også?
Klem for dere, fra meg...
(I am sorry for my poor Norwegian...).

Ha det!

 
At 4:42 AM, Blogger Kay Amund said...

Heia!
Ser d e lenge sia du he oppdatert blogg, so maa taa aa gjer d:P
So faer oss lese fleire morosamme historie aa sja fleire bilde!

Haape alt e bra me dej!
*klem fra Kay i Uganda*

P.S
Isen i Norge e ialle fall bedre enn den isen ej he smakt so langt her nede

 
At 11:49 AM, Blogger Gillian G Mwaura/Edube said...

HI HI GOOD TO READ YOUR BLOG HAHAHAHAHHAHAHAHAHAHAHAHAHAHAHHA ITS IN NORSK SO I CANNOT FULLY UNDERSTAND ,,,,,,,, HAPPY CHRISTMASS

 

Post a Comment

<< Home